Etterkrigstid
TARJEI VESAAS: FALL
Tittelen
Ordet Fall fortel oss at nokon fell, eller skal falle. Her er det ein mann som reiser med nattoget. Kanskje fell han, eller hoppar av toget i fart, mykje tyder på det: «..han vert sogen mot den døra som slår ut. Der opnar ho seg! Svart. Fylt av fart og brøl.».
Ei dystopisk novelle
Som noveller flest, byrjar også denne in medias res, rett på sak. «Nattoget stilnar etter kvart..». Vi møter ein mann som kjenner seg einsam (.. og no er det ,…), og det er mest som om det er lagnaden som har sendt han på toget (Eg hadde slett ikkje vilja reist).
Eit frampeik fortel at noko tragisk vil kome til å hende (Det må falle ein av toget i natt). Han kjenner at det er han det gjeld (Eg er i dødskupeen.). Han føler elles at han ikkje er åleine i sovekupeen (Det for ein skygge over spegelen../.. her er nokon i kupeen.), så han henger ut plakaten for å få treffe konduktøren. Men konduktøren kjem ikkje. Her er inga von. Steg går i gangen, døra går opp, men ingen er der ute. Han føler at han må lystre det som han tenkjer er kravd av han (Men han lystrar….). Så går han mot døra.
Som andre modernistar er TV oppteken av mennesket sin angst og mennesket si einsemd i eit kaldt og upersonleg samfunn, der individet er heilt overlatt til seg sjølv, slik som mannen i denne novella. I dette samfunnet er det ikkje noko håp for mennesket. Livet framstår som eit absurd tilvære, der den einaste utgangen er sjølvmordet. Kanskje kjenner TV filosofen Arthur Schopenhauer (1788-1869) som hevdar at når livet går for mykje i minus, kan sjølvmordet (på tysk også Freitod = fridød) vere den beste løysinga.
Nattoget blir truleg eit bilde på samfunnet, og legg merke til at han har valt nattoget og ikkje dagtoget. Derfor er blir det mørkt i dette samfunnet. Inkje håp om eit lysglimt anna enn «..små blå lyn sprett frå luftledningen i den våte, svarte seinkvelden..». Ja, det er vått og svart i dette samfunnet. Og det er ikkje muleg å gå av på fredeleg vis «»Stasjonar finst ikkje.».
Toget vert besjela: «Nattoget stilnar…det syng i hjula..», og samanlikningane «..nattoget går som ein veldig foss.» og «..ville toget likne ein orm…», fortel oss om eit samfunn i raskt tempo med ikkje altfor positive eigenskapar. Ormen har også heller negative konnotasjonar i vår kulturkrins.
STEIN MEHREN: JEG HOLDER DITT HODE
Alt vert halde av noko som vert halde….av noko som….
Dette må vere temaet i diktet, at alt vert halde oppe av noko, og dette noko vert i sin tur halde oppe av noko anna igjen…..
Komposisjon og språk
Dette er eit modernistisk dikt, og SM er ein framståande representant for modernistane etter krigen. Diktet har ei strofe. Verselinjene har ulik lengd, og her er ingen fast rytme og heller ikkje enderim. Bokstavrim som «..holder..hode..hender..holder..» og «..slik..sten..sine..strender» skapar likevel ein indre flyt i teksten.
Det sentrale ordet, holde, blir repetert i ulike former ikkje mindre enn sju gongar. Det signaliserer kor viktig dette ordet er for formidlinga av det diktaren har på hjertet. Tittelen på diktet fortel oss også at dette diktet skal handle om å halde.
At forfattar besjeler havet og treet («..havet løfter en sten../..treet holder høstens modne frukter» fortel oss at alt har evna til å halde noko anna, til å vere støtte for noko anna. Ja, sjølv i verdsromet, representert med metaforen «kloders rom», stør eitt fenomen eit anna.
Personifikasjonen «gåte holder gåte» er gåtefull. Vi blir, seier SM, løfta «dit gåte holder gåte i sin hånd». Gåte er jo noko vi ikkje veit, men som let seg løyse. Til dette gåtefulle blir «vi begge» altså løfta. Gåta blir jo derfor: Ja, kva trur du den står for?
Bodskap
Det er som om SM ber oss vere klar over at vår eksistens, og eksistensen av alt, er avhengig av noko anna. Og er dette rett, noko det truleg er, kan jo det vere med på å gje nye perspektiv til livet vårt og handlingane våre.
JAN ERIK VOLD: FUNNY
Å vere den utvalde
JEV skriv om det underet det er at nettopp han vart fødd (..hvor urimelig det er at jeg skulle bli født../..sjansene mindre enn en til en milliard..). Dette underet bruker han til livsmotivasjon i «i stunder det ikke faller helt greitt å være født».
Nyenkel lyrikk
JEV var på 1960-talet med i den såkalla Profil-kretsen. Denne kretsen av radikale diktarar freista å formulere tankar om ein ny type lyrikk. Dei kalla den nyenkel. JEV seier det slik (sitat frå Olav H Hauges dagbok): «Du må slutte å tenke. Du må gi deg over til tingene, du må la tingene tale. Innstill din egen tale. Lytt til øksen og sagbukken, det er de som skal ha ordet».
Det er vel kanskje det vi opplever her: Emnet er daglegdags, og språkbruken enkel. Orda representerer det dei reint konkret representerer. Sædcella er sæcelle, eggcella er eggcelle, fødselen er fødselen osv. Dei er ikkje bilde på noko anna.
Likevel er her nokre bilde, men dei let seg lett forstå. Metaforane «nedlegges grunnstein for», «froskevesen» og «mavens labyrinter» står for unnfangelsen, fosteret og livmora, må vi tru.
Diktet har ei strofe der verselinjene har ulik lengd. Uthevinga «DET BLE MEG», som også blir repetert, er sentral for forståinga av tekste. Underet er jo at det vart Jan Erik Vold.