Folkedikting
ROLAND OG MAGNUS KONGEN
Forfattaren
Sjølv om folkevisene kom til Noreg så seint som på 1200-talet, er forfattaren ukjend. Mange av dei var importvare frå Frankrike til England. Franskmannen Vilhelm Erobraren vann jo slaget ved Hastings i 1066. Frå England kom visene til Noreg.
Kva visa handlar om
Visa fortel at Magnus kongen drar til heidningland med seks av sine tolv kjemper. På Runsarvollen blir Roland og kjempene overfalne av heidningane. Kjempene ber Roland om å blåse i hornet, eller olifanten, for å tilkalle hjelp, men han vil ikkje blåse før det er absolutt naudsynt. Då bles han, men kongen kjem ikkje fram før Roland er daud. Mange prøver å ta sverdet frå handa til den daude Roland, men først då kongen prøver, gir Roland frå seg sverdet.
Magnus kongen, som det her er snakk om, er kong Karl den store (747-814 e.Kr.). Roland er hærførar i Karl sin hær. I 778 vart hæren overfallen av ein flokk røvarar, og Roland fall i denne ubetydelege hendinga. I visa er ho gjord om til eit stort slag mot heidningar (maurarar).
Typiske folkevisedrag
Handlingsgangen varierer mellom referat ( frå Seks mine jarlar.. Roland svara dei med vreide..) og dramatiske opptrinn der det gjerne blir brukt dialog ( …stod om munnen skum: Eg skal hogga…).
Strofene vart gjerne sungne av ein forsongar medan omkvedet/refrenget vart sunge av ringdansarane. Her er omkvedet «Rida dei ut av Franklandet…». Omkvedet var enten ein mellomsleng som stod inne i strofa mellom verselinjene, eller det var ein ettersleng som stod i slutten av strofa. Her har omkvedet ein sjølvstendig funksjon og har karakter av ettersleng.
Visene har enderim av typen heilrim «balde…kalde», som i første strofe, eller halvrim som «sol..horn..» i den fjerde strofa.
Elles er visa prega av parallellstrofer / repetisjonar, som hadde som funksjon å understreke dei viktigaste poenga: «Roland svara dei med vreide… (strofe 4)...Roland svara dei med hæde..(strofe 6)».
Ein brukar gjerne å dele inn visene etter innhaldet. Ein har ulike typar som kjempeviser, religiøse viser og mange fleire. Denne visa er helst ei heltevise, i og med at Roland er ein helteskikkelse i det europeiske segnuniverset.
Moralen
Visa fortel oss at det er viktig å vere tapper. Roland søkjer ikkje hjelp før det er høgst naudsynt. Men aller mest handlar dette om det store venskapet. Magnus kongen gret når han ser den daude Roland. Venskapet strekkjer seg ut over livet si grense. Det ser vi når den daude venen rekkjer kongen det berømte sverdet sitt som ein siste gunst.
PRESTEN OG KLOKKEREN
Forfattaren
Heller ikkje i eventyra er forfattaren kjend. Folkediktinga er på same måte som norrøn litteratur ein munnleg sjanger. Ein finn likskap mellom eventyra i ulike kulturar verda over.
Komposisjonen og personane
Formelen er klar: Eventyret begynner med «Det var engang en prest» og sluttar med «og så ble det». Så upresist kan det seiast. Og eventyra er slik. Vi får ikkje vite kva stad vi treffer presten, og heller ikkje tida handlinga går føre seg.
Personane er eindimensjonale typar: Presten er hovmotig, kongen rettferdig og klokkaren klok. Likevel kan vi seie at forteljaren er rimeleg objektiv, freistar å sjå handlinga og personane utanfrå. Vi blir førde inn i eit norsk miljø, der eventyrforteljaren har freista skape ein munnleg dialog: «Jo-o, sola går…. Nå nå…»
For å skape ein grei forteljesituasjon er ikkje meir enn to personar til stades samstundes. Først møter vi personane i ein kvardagssituasjon, ein kjøretur med hest. Sidan kjem vi meir over på det symbolske planet, eller prøveplanet, der klokkaren blir sett på prøve av kongen. Her kjem dei episke tala inn, i og med at klokkaren får tre spørsmål. Og ut av dei blir det siger eller tap. Som vanleg vinn den kloke og omtenksame, den som står lågast på rangstigen, her klokkaren.
Ei kritisk røyst frå folkedjupet
Sett bort frå underhaldningsverdien (den kjepphøge presten får svi) og oppsedarfunksjonen (barna skal lære kva som løner seg), representerer eventyra ei rekkje moralske reglar og påbod ( det er ikkje bra å vere så feig som presten, men godt å vere motig og ta utfordringar slik som klokkaren) . Typisk for eventyra er også at helten (klokkaren) sigrar over motstandaren (presten).
I mange eventyr finn ein von om noko som er uoppnåeleg i det daglege slitet mellom folk flest. Her er det vanlege mennesket representert ved klokkaren. Han vinn over presten, embetsmannen, som slik blir utsett for beisk satire frå forteljaren. Det er klokkaren, ein mann av folket, som representerer klokskap og godt skjøn. Kongen står fram som rettferdig og fornuftig. Han kunne folk gjere lite med, fjern som han var, men presten, embetsmannen, var innan rekkjevidde, og kunne bli treft av denne skjulte kritikken. Utanom dette kan ein kanskje seie at eventyret gir oss leveregelen om at hovmot står for fall, og at det å vere ærleg løner seg.
HAMLØYPARAR
Segner og eventyr
Som vi har sett, er ikkje eventyra korkje tid- eller stadfesta. Det er derimot segnene. Her står det at vi er «Oppi Guddalen..» og at «Mannen heitte Time Kolstad..». Ordet segn kjem av det norrøne verbet segja som tyder å fortelje.
Type segn
Dette er ei naturmytisk segn, der mennesket møter det overnaturlege. Her er det ein mann, Time Kolstad, som skapar seg om til ein bjørn og drep husdyr. Kona finn hamen hans og får hjelp til å brenne den opp. Då blir Time makteslaus. Det verkar som forteljaren har behov for å forklare det «uforståelege» ved Time.
Funksjonen
Segnene vart brukte til å forklare det folk ikkje heilt kunne fatte. Her er det snakk om framferda til ein mann ( som truleg ikkje oppfører seg som folk flest) . Han vert kopla med drap på husdyr, og framstår som ein slags varulv.