Humanisme


MICHEL DE MONTAIGNE: OM LUKTER

Om lukter

Teksten handlar om lukter og dufter. Det ser vi mellom anna av overskrifta. Der står kjerneorda i teksten. Forfattaren problematiserer lukt, som nok var av stor interesse i hans samtid. Europa hadde intense lukter overalt, især i byane, mens på landsbygda lukta folk stort sett røyk, i og med at dei budde i hus med opne fyringskjelder. Omnar med pipe vart først vanleg på 1700-talet.

Essay

Montaigne er rekna som ein av dei første essayistane. Vi ser det i formen på teksten. Han bruker seg sjølv og eigne opplevingar: «…min hud er som skapt til å suge opp dufter». Han bruker dessutan eg-form ( Viss jeg kommer nær dem med hanskene…), noko som vart sett på som uhøyrt i samtida. Han hoppar lett frå den eine assosiasjonen til den neste. Han demonstrerer kunnskapen sin ved å sitere frå kjende tekstar og referere til kjende personar: «Av denne grunn, sier Plautus…». Han nyttar dessutan anekdotar ( ..man særlig bemerket ved den tunisiske konges taffel…) og er satirisk og humoristisk (..ungdomstidens tette omfavnelser…).

Ein humanistisk tekst

Montaigne skriv ein sekulær tekst. Han problematiserer mennesket og luktene. Det er mennesket som er midtpunkt og forskingsobjekt, ikkje det religiøse. Slik skriv Montaigne seg inn i den humanistiske tradisjonen.