Mellomkrigstid
AKSEL SANDEMOSE: BÅTEN
Ein båt til besvær
Ein gjeng gutar i 12-årsalderen har funne ein gamal robåt som låg på botnen innved land. Dei får han flytande. Faren til den eine guten likar dårleg dette, og han set i gang ei jakt på båten med det målet å søkke den ein gong til.
Ein kamp mellom far og son
Faren vil ha kontroll over sonen sin. Det er ønsket hans «..å se denne herremannen inne klokken ni». Då faren får høyre om båten, vert han mistenksam og tenkjer at gutane har stole båten og vil åtvare «..mot å finne båter ved en brygge». Sonen forsvarer seg i ein samtale som minner om eit forhør. I dette forhøret vil han ikkje fortelje kvar båten er: «Han kjente ikke navn på all verdens brygger vel?»
Allereie under samtalen bestemmer faren seg for at han skal finne båten og «flytte båten til et nytt sted, fylle stein i den en gang til, og sparke hull i bunnen på kadaveret.».
Denne kampen er det faren som vinn. Guten konstaterer at «Gutta fra en annen gate hadde fylt stein i båten og senket den.». Men det er nok faren som står bak sjølv om han ikke innrømmer det. I samtalen mellom faren og naboen røpar han seg: «Hvis ikke gutta i den andre gaten har senket denne skittbåten, så har de ganske sikkert noe annet på samvittigheten…».
Kvifor gjer faren dette? Openbert er han redd for at guten skal drukne: «En gang har jeg sett en far bære det som en gang hadde vært sønnen hans hjem fra en brygge». Elles er det kampen om kven som skal bestemme. Her omtalar faren guten som «herremannen» og «tronfølgeren», heller ironiske uttrykksmåtar.
Psykoanalysen spøkar i bakgrunnen
AS var oppteken av Sigmund Freud sin psykoanalyse, eit forsøk på å forstå mennesket ut frå opplevingar i barndomen, og også livet elles. Her ser det ut til at opplevingar faren har hatt, skaper ei redsle for at sonen skal omkomme (En natt jeg gikk med karbidlykt langs Drammenselva og lyste efter et lik.).
Freud poengterer også i psykoanalysen at far og son ofte kan framstå som rivalar. Så langt kan dette gå at sonen kan ønske faren død for å få mora for seg sjølv. Dette kallar han ødipuskomlekset, etter den greske tragedien Kong Oidipus av Sofokles, der sonen drep faren og giftar seg med mora. I denne teksta opplever vi ikkje dette, men heller ein kamp om kven som skal bestemme over kven. Sonen vil ikkje la seg innordne.
Mellomkrigstid
Synsvinkekelen ligg hos ein eg-forteljar. Her er det faren sin versjon av historia vi får kjennskap til. I mellomkrigstida er det slett ikkje uvanleg at denne synsvinkelen vart brukt i fiksjonslitteraturen. Dette føyer seg godt inn i den nye freudianske livsforståinga.
Med same utgangspunkt fatta mange interesse for barnet og barnet si rolle/stilling i familien og samfunnet. AS er ikkje noko unntak her. Rett nok har faren synsvinkelen, men like fullt vert sonen minst like interessant. Novella handlar jo også om barneoppseding med påbod og forbod, noko Freud meinte kunne vere traumatisk for barna.
ARNULF ØVERLAND: KRISTENDOMMEN, DEN TIENDE LANDEPLAGE
Beisk kristendomskritikk
AØ heldt tre «foredrag til offentlig forargelse». Dette foredraget er vel det som skapte mest forargelse. Han vart anklaga etter blasfemiparagrafen for å ha spotta kristendomen. Kristendomen stod sterkt i det norske samfunnet enno på 1930-talet, især dei lågkyrkjelege trussamfunna hadde ei høg røyst. AØ vann saka. I dag er denne paragrafen fjerna frå det norske lovverket. Det er eit døme på at det sekulære verdisynet sigrar på stadig fleire frontar.
Tittelen på foredraget er ein allusjon til dei ni landeplagene Gud sende over egyptarane då israelittane var i Egypt på Moses si tid. Men her er det religionen som sprang ut av israelittane sin religion, kristendomen, som er plaga.
Det er ikkje fritt for at AØ er ufin i kritikken: «Denne vemmelige kanibalske magi praktiseres den dag i dag. Men kan man bekvemme seg til å delta i den, da er man frelst. Da kan man tillate seg hvilken som helst skjendighet, bare man ber til Gud efterpå. Bare man tror og er døpt».
AØ er satirisk i det meste av fordraget og sparer ikkje på krutet: «Den avsky for kvinner og kvinnelig charme, som kommer så høylydt til orde hos kirkefedrene, er et homoseksuelt karaktertrekk.».
Elles freistar AØ å resonnere logisk, føre prov for påstandane sine, men er nok selektiv i utvalet av døme: «Hvis de f.eks. ikke får lov til å bestemme Nationatheaterets repertoar…» Dette viser til då teateret sette opp stykket «Guds grønne enger», der Gud framstår som svart. Det vart eit oppstyr utan like, og det fordi dette braut med den europeiske/norske framstillinga av Gud som kvit.
Humor er det rikeleg av, viss ein evnar å lese teksten objektivt, som t.d.: Sjå avsnitta «Den gode Gud kunne ikke på noen måte tilgi oss,…..Man kan kalle det å rette baker for smed».
ROLF JACOBSEN: SIGNALER
Signal frå byen
I dette diktet freistar RJ å vise kva som er det mest typiske trekket ved den moderne byen. RJ er rekna som ein av dei første norske modernistane. Emna i dikta hans krinsar ofte kring motsetnaden mellom kultur og natur, det teknologiske samfunnet og mennesket i det industrielle samfunnet.
Eit modernistisk dikt
Diktet har seks strofer. Det er utan fast rytme og enderim, eit sjangertrekk ved den modernistike lyrikken. Typisk er det også at strofene har ulik lengd.
Elles er det slik at siste ordet på verselinjene ofte blir viktige signalord (..regnvåt asfalt../..Pilende tog…). Det som karakteriserer byen, kjem etter «..Nei – ..». Før dette har diktaren informert oss om at alt det vi trur er byen sine signal, eigentleg ikkje er det, slik som «asfalt, pilende tog, larmende restauranter, natt-trikkens døvende sang..». Dette har han gjort ved negerande repetisjonar: «Det er ikke…». Byen sine signal er altså einsemd og vonløyse (ensom og uten håp) og «- Dine egne klaprende fottrinn».
Diktaren bruker ei rekkje bilete for å levandegjere byen, slik som besjelingane «bilhjulets smatt», «Pilende tog.» og «natt-trikkens døvende sang». Det er musikalitet og liv i byen. Samstundes er mange av adjektiva som karakteriserer livet og rørsla, negativt lada: regnvåt, overskyede, larmende, rå. Metaforar som «levende elver» (straumen av menneske i gatene) og «buelampenes glitrende perlebånd» (gatelysa om kvelden og natta) er med på å fortelje at byen også kan vere vakker.
Likevel er det angsten og einsemda mennesket kjenner i byen som er det mest typiske signalet. Dette er emne ein ofte finn i modernistiske tekstar. At diktarane tar det moderne samfunnet på alvor, er eit anna: At dei skriv om det trivielle dagleglivet i ei teknologisert verd.