Norrøn tid


VOLUSSPÅ

Forfattaren

I det meste av den norrøne diktinga er forfattaren ukjend. Dette har nok samanheng med at fellesskapen hadde preferanse framfor individet. Slik blir det fortalde viktigare enn kven som fortel. Slik er det også her. Vi veit ikkje kven som har dikta Volusspå.

Dikttype

Vi finn diktet i ei samling som har fått namnet Den eldre Edda. Dikta i denne samlinga gjekk på folkemunne til dei vart skrivne ned på 1200-talet. Kva Edda tyder, er usikkert, men mest sannsynleg oldemor. Altså Dei gamle oldemorsdikta.

I denne samlinga finn ein gude- og heltedikt. Dei stammar i all hovudsak frå førkristen tid. Dette er eit gudedikt.

Ei verd går under

Også det norrøne mennesket hadde dystopiske tankar. Det kjem til å skje noko gale. Her er dei volve, ei spåkone, som fortel oss korleis verda er blitt til, og korleis ho går under. I opphavet var verda ein idyll (Glade i tunet tavl de spilte..), men sviket lurar (Teinen som syntes så tynn og mjuk, ble en sorgens pil..). Dette var bestemt gjennom lagnaden ( Jeg så lagnaden lagt for Balder…). Ikkje nok med det. Vondskapen lar seg ikkje temme (..en fælslig skapning: den falske Loke…). Så bryt alt saman før undergangen (Bror skal gi bror sin banesår..). Så kjem Ragnarokk, undergangen (Sola svartner…røyken velter..). Men her er håp. Ei ny verd står opp ( Ser hun opp komme, andre gangen, jord av havet…).

Her er klare allusjonar til Bibelen si skapings- og domedagssoge. Det har fått nokre til å tenke at forfattaren må ha kjent til kristendomen. Dei har peika på t.d. Ygg-drasil som ein parallell til kunnskapens tre i bibelen. Likevel er førestellingane typisk nordiske med m.a. konflikten mellom jotnar og gudar.

Skrivekonvensjonen

Diktet er skrive i versemåla fornyrdislag og ljodahått.

Fornyrdislag er åtteversingar, der to og to vers er bundne saman med bokstavrim, t.d. strofe 58:
Garm…Gnipaheller / lenken…løs / frasagn…framtid / komme…kampguder.

Ljodahått er seksversingar, der to og to verselinjer er bundne saman med bokstavrim, t.d. strofe 29:

Hærfar…halsring / fikk…framtidssyner / hun…heimer

Sagnamenn

Dikta vart til i ei tid der få var lesekunnige. Formidlingstradisjonen er munnleg. Dikta vart helst framførde av det ein kan kalle profesjonelle entertainerar, såkalla sagnamenn.


EGILSSOGA (UTDRAG)

Forfattaren

Det same gjeld for sogene som for eddadikta. Forfattaren er ukjend, og sogene vart skrivne ned på 1200-talet. Især har «kunnskapssenteret» Oddi på Island spela ei viktig rolle i denne samanhengen.

Sogetype

I samtida fanst det fleire typar soger: fornaldersoger, kongesoger og ættesoger. Dette er ei ættesoge, der hovudpersonen er Egil Skallagrimsom. Desse sogene tar for seg personar frå hovdingklassa som har utmerka seg på ein eller annan måte, gjerne ved at dei har utført ein såkalla stordåd, som gjerne kan vere ei ugjerning ( Da sprang Egil mot Grim og hogg øksa i hovudet på han). Elles tar dei for seg konfliktar mellom ættene ( Frå den tid byrja det strid mellom Oleiv og Hegg). Dei fleste soger har emne frå landnåmstida. Faren til Egil, Skallagrim, innvandra til Island ein gong på 900-talet. Han er elles den første vi kjenner til i norsk historie med hentesveis. Han heitte jo Grim, men fekk pga. laber hårvekst utnamnet Skallagrim.

Forteljemåte

Forteljaren i sogene etterstrebar å vere objektiv. Det var høgt verdsett å vere etterretteleg. Lygarsogar (fiksjonslitteratur) hadde låg status. Du ser den objektive og refererande tonen allereie i første delen ( Skallagrim hadde mykje glede av styrkeprøver…). Elles er syntaksen gjerne parataktisk, dvs. heilsetningar eller utsegner samanbunde med og, eller, men og for. Sjå avsnittet som byrjar med «Det var fastsett at det skulle vera…».

Strukturen i soga er elles slik at forteljaren vekslar mellom referat av det som skjer, og dramatiske opptrinn som ofte har dialog, sjå frå «Da Egil var tolv år gammal….».

Elles har sogene ein hang til å bruke underdriving / litotes. Sjå skildringa av drapet på Torgjerd Bråk ( Skallagrim sleppte Egil laus….).

Ein merkar seg elles at forfattaren har eit ikkje-forhold til naturen. Folk levde jo i naturen, og følgjeleg var den uinteressant å fortelje om. Her er ikkje naturskildringar. Forteljaren går heller ikkje inn i tankane til personane. Det ville jo bryte med kravet om å vere truverdig.

Tidstypisk tankegods

Vi har allereie vore innom det hierarkiske samfunnet med hovdingætta (Skallagrim / Egil) på toppen av pyramiden og dei nærast rettslause trælane nedst ( Torgjerd Bråk).

Mannsidealet vert representert ved Egil: Han er sterk : sjuåringen Egil tar ryggtak med Grim som er elleve. Han er eit vikingemne og villeg til å drepe ( Da Egil kom heim,…). Han er eit sportstalent ( Egil var mykje med i glimer), og han kunne lage skaldekvad allereie som ung ( Det mælte mi moder…). Begge desse disiplinane (sport og skaldekunst) øvde gutane i hovdingklassen på frå dei var ganske unge.

Skaldane var eigentleg dåtidas journalistar. Dei var gjerne tilsette av hovdingane og hadde som oppgåve å skildre hendingar som slag og strid. Dei var betalte for jobben og kunne som gode «handverkarar» oppnå både høg status og rikdom.

Skaldekvada var enten av typen flokkr eller dràpa. Dràpa var rekna som finast fordi ho hadde omkvede / refreng. Elles brukte dei metaforar av den typen dei kalla heiti (eitt ord refererer til ein ein ting, som fløy=skip i kvadet i sogeutdraget), eller dei brukte kenning (to ord refererer til ein ting, som t.d. likdogg = blod).

Hemnen er òg sentral i balansegangen mellom ættene, især blodhemnen. Her ser vi at Egil hemnar det han kjenner som urett (Han hogg i sund dei taua…).

Tilbliving

Mest truleg har det som skjer i sogene, hendt, men somt har blitt dikta til gjennom munnleg overlevering. Dette kallar ein friprosalæra. Mindre støtte har teorien om at sogene er fri dikting, bokprosalæra. I alle fall har dei fleste personane det blir fortalt om, levd.