Nyrealisme
OLAV DUUN: SOMMARKVELDEN
Ei slektshistorie
Juvikfolke, eit seksbindsverk av OD, handlar om menneske på Trøndelagskysten frå tidleg 1800-tal og inn i OD si samtid. Verket er ei slektshistorie, og diktaren stiller spørsmål ved kva det vil seie å vere menneske før og no, og kva vondskap og godheit er, og kva det er som gjer at folk blir slik dei blir. I dette utdraget frå I eventyre møter vi sjuåringen Odin Sætran som blir sett bort til det barnlause ekteparet Bendek og Gurianna. Vi får oppleve forholdet mellom Odin og mora, og dei tankane mora gjer seg om å setje bort den «farlause» sonen sin. Konklusjonen hennar er: «Og kvifor skulde ikkje han lida straffa i lag med meg? For du må det, Odin. Det er ikkje annan veg å gå.»
Den eksistensielle valet
Elen Venestad er åleinemor for sonen Odin. Då ho får ein ny mann, føler Elen presset frå mannen, Iver, at ho må setje bort Odin: «..For du vilde det; Iver! trur du ikkje eg såg det da?»
Det er ei tung avgjerd for Elen: «Leppene rørtes, liksom ho snakka med seg sjølv med ho gjekk. Auga rann i eitt med doggblåe natta. Men enn han Odin da som hadde så lett for å skiljast frå meg?» Odin på si side framstår som veslevaksen og med forståing for situasjonen: «Sjer du mor, om æ ikkj e bra å ha. Ka?». «Jau?». «Ja, for det e ikkj sagt dem ha gjort det her, all i hop. At du ha vorti fri dem så lett.»
I nyrealistiske tekstar blir hovudpersonane ofte stilte overfor etiske val. Slik også her. Elen må velje. Seinare i bokserien er det Odin. Som vaksen ligg han etter eit forlis på båtkvelven saman med Laurits. Båten kan bere berre ein person. Odin veit han er den sterkaste. Men så tar han valet: Han let seg søkke, og Laurits overlever.
Natur og sinnsstemningar
I nyrealistiske tekstar akkompagnerer ofte naturen sinnsstemningar hos personane. I byrjinga av utdraget er stemninga optimistisk idet mor og son vandrar på vegen mot Kjelvika (Det var slik eit laug med sol over all ting,…). Seinare, då avskilen nærmar seg, vert naturskildringane dystrare (….no var ein ikkje heime lenger; og nedmed stranda der sukka det og sukka det, -…).
Ulveflokkmotivet
Nyrealistane skaper i bøkene sine ofte personar som står åleine mot kollektivet (ulveflokken). Slik er det også her. Elen føler presset frå bygdedyret. Ho må handle som ho gjer: «Og der går ho Elen Vennestad i veg med gutungen sin, sa folk…..»
Heimstaddikting
Som fleire diktarar i samtida valde OD å ta utgangspunkt i heimstaden sin. Det gjer han i Juvikfolke også Det er ytre Namdalen som er ramma rundt 6-bindsverket.
RUDOLF NILSEN: STORBY-NATT
Tema
Diktaren Rudolf Nilsen har blitt karakterisert som hovudstadens diktar. Fleire stader uttrykkjer han i dette diktet sin kjærleik til denne byen. Han høyrer heime her, skal ein tru han, og han kjenner seg trygg: «..i dette dyp har jeg mitt hjem, min rot.» Ein kan truleg seie at temaet i diktet er kjærleik til heimstaden, til byen, for «..her er allting skapt av menneskehender-..».
Form
Diktet har fire strofer, der kvar strofe har åtte verselinjer. Diktet er eit såkalla tradisjonelt dikt med fast rytme og enderim. Rimmønsteret er ABABCDEC.
RN er kjent for å skrive seg inn i den realistiske tradisjonen med eit heller nøkternt og lite biletrikt språk. Her bruker han nokre bilete for å fargelegge stemninga i byen og si eiga oppleving når han vandrar gatelangs ved nattetider: «En klokke slår den annen time inn.».
Han går jo «på bunnen av den milevide by», altså i gatene. Gata glinsar i lysetfr å buelampene, og gatelekamen vert karakterisert som «asfalterte dybder». For nattevandraren vert dagen døgnet si mørke side. Det er tida for arbeidarane sitt slit i dei mørke fabrikklokala: «For lengst er dagen og dens mørke gått». «Nu er tiden da de gode sover», seier diktaren, altså dei som er dagmenneska og held hjula i gang. Elles er han ikkje åleine. Ei kvinne vert samanlikna med «en sulten klegg».
Vandraren opplever nok byen som monoton, og brukar metaforen «kjempestor konkylie» for å karakterisere det evige suset i byen. Men han kjenner seg lykkeleg og trygg, og seier «..i dette dyp har jeg mitt hjem, min rot.». Grunnen er at her er «allting skapt av menneskehender-.». Det er openbert at vandraren føler ubehag ved tanken på det metafysiske og religiøse. Han seier «Her blinker ingen stjerner…som stumme trusler om en evighet..», og grip til personifikasjonen «her hvisker ikke mulmet..sin uforståelige hemlighet», nettopp for å vise kor utrygt det er utanfor det menneskeskapte universet.
Ein radikal diktar
RN var kommunist. I mange av tekstane hans ser vi dette, m.a. i diktet Revolusjonens røst. I dette diktet er ikkje så mykje av den politiske røysta hans til stades, men understrekinga av at det er det menneskeskapte, her representert ved byen, som er den trygge hamna for mennenska, viser at han forfektar det sekulære menneskesynet, noko som kommunismen naturlegvis også gjer.