Nyromantikk
SIGBJØRN OBSTFELDER: EG SER
Tema
SO skriv om framandkjensle, at han kjenner seg framand i verda og overfor andre menneske, noko som fører til angst og depresjon. Ordet Entfremdung (framandgjering) vart visstnok først brukt av den tyske filosofen Ludwig Feuerbach (1804 -1872).
Komposisjon
Diktet har ni strofer. Jeg ser-strofene handlar om kva eg-personen ser. Dette er-strofene er konklusjonen på kva eg-personen observerer, mens strofene med ei verselinje karakteriserer «verforholda».
Undervegs i diktet vert perspektivet på det personen ser, innsnevra: «..hvite himmel…høye huse.. velkledte herrer..». Samstundes blir veret dårlegare: «..En regndråpe.. De gråblå skyer samler seg…Hvor de gråblå skyer blir tunge».
Repetisjonane («Jeg ser.. og ..Dette er..) understrekar kva det er menneska ser, og kva livet djupast sett er. Bokstavrima , som «hvite himmel» og «skyer samler seg» akkompagnerer godt.
Konklusjonen er nedslåande: «Jeg er visst kommet på en feil klode!».
Språket
Ordvalørane er stort sett negative og kalde (gråblå skyer, blodige sol, lutende heste). Dette er med på å beskrive den dystre og håplause situasjonen mennesket i den moderne verda lever i.
Metaforane «klodenes hjem» og «menneskenes hjem» som representerer «verden» og «jorden», karakteriser omgjevanadene våre som dystre og lite menneskevenlege.
Nyromantikk
Nyromantikarane var skeptiske til det moderne industrisamfunnet. Konfrontasjonen mellom sivilisasjon og natur, slik vi opplever det i diktet, levnar ikkje sivilisasjonen ein sjanse. Diktet skriv seg inn den romantiske tradisjonen med at ein sivilisasjon som ikkje spelar på naturen sine premissar, er dømd til å skape umenneskelege forhold for menneska. Framandkjensle er resultatet. Og det er jo det eg-personen opplever, eit liv i angst og einsemd.
Den moderne litteraturen, som jo nyromantikken er ei grein av, yndar å bruke eg-perspektivet. Slik også her. Eg-personen er ein outsider, ein som står på utsida og ikkje greier å kome inn i det sosiale, og det er han som har krav på sanninga, i følgje nyromantikarane.
Elles opplevde ein på 1890-talet det franskmennene kallar ei fin de siècle-kjensle, ei kjensle av at verda er i ferd med å gå under ved slutten av hundreåret, og det er vel det personen i dette dikte opplever.
Modernisme
SO er rekna som ein modernistisk forfattar, og ein av dei første modernistiske lyrikarane i Noreg. Diktet har fleire såkalla modernistiske trekk: strofer med ulik lengd, ikkje fast rytme og enderim, tema som angst, einsemd, katastrofe…