Opplysningstid


JEAN-JACQUES ROUSSEAU: EMIL

Opplæring i oppseding

Opplysaren JJR er kjend for å vere ein av dei som stilte spørjeteikn ved den moderne sivilisasjonen. Det ser vi også i denne teksten: «Samfunnsmennesket fødes, lever og dør i trelldom…».

Den fremste oppgåva er å «Leve livet, det er det yrke…» Mennesket skal velje, også i oppsedinga av barn, «den veien den (naturen) viser deg.»

Boka Emil er vel helst ei lærebok i oppseding: Emil skal lære om verda ved å prøve sjølv, ikkje ved å bli fortald av foreldra sine.

Slik blir JJR på ein måte både opplysningsmann og opplysningskritikar. Han har fått æra for slagordet «Tilbake til naturen», som på ein måte er ansatsen til romantikken.


JOHANN HERMAN WESSEL: SMEDEN OG BAKEREN

Eit mord og ei rettssak

I teksten møter vi ein smed (..som farlig var, når han ble vred) som treffer fienden sin på ei kro (..de treffes i en kro..). Her drikk dei tydelegvis vel mykje (..som sagt de drakk..) og kjem i ein krangel ( etter mange skjellsord, hissig snakk..). Då er det at smeden slår til fienden sin og tar livet av han (..at han så ikke dag..). Smeden tilstår drapet ( ..forhøres og bekjenner..). Men før rettssaka kjem ein delegasjon borgarar ( menneske som hadde byborgarstatus) og foreslår at dei avrettar den eldste av to dei bakarane i staden for smeden (….om man den eldste tok av dem..). Domaren finn ikkje nokon heimel for dette i lova (..men finner intet der..). Likevel dømer han den gamle bakaren til døden (.. Den baker gråt gudsjammerlig,da man ham førte vekk).

Humor og sjølvironi

JHW var ein såkalla evig student i København. Han hadde familie med kone og barn. Likevel var han oftast å finne på dei heller lugubre skjenkestadane i byen , ofte i krangel med ein eller annan. Dette ironiserer han over i parantesane: «..jeg ingen (fiendar) har / jeg selv i kro vil drikke / Jeg immer går på de honette».

Humoren ligg jo i den absurde situasjonen: Å avrette eit uskuldig menneske fordi det er gammalt, for noko ein annan har gjort. Elles lagar han eit nytt ord i det dansk-norske språket. Han bruker metaforen planeten for hovudet. Dette slo nok rimeleg godt an i eit samfunn der kunnskapen om verdsromet var i ferd med å bli allemannseige. Teksten vart truleg framførd første gong i den nasjonalistiske studentforeinga Det norske Selskab.

Ein typisk opplysningstekst

Opplyningsforfattarane var i ein viss grad skeptikarar og samfunnskritikarar, som var fullt klar over at ein i eit gjennomkontrollert samfunn måtte vege orda sine.

Samfunnskritikken er skjult i humoren. Humor var jo ofte opplysningsforfattarene sitt våpen. Her kritiserer JHW rettssystemet som er korrupt og dømer heller tilfeldig. Dette hadde nok sitt motstykke i samtida. Dei med makt (her: fire borgere) kunne nok påverke gjennom sin posisjon i samfunnet.

Moralen som diktaren kjem med, «Beredt til døden alltid vær!», ein allusjon til Bibelen, er nok ikkje den eigentlege moralen. Det er nok å gjere folk medvitne om at rettssystemet er korrupt. Moralisering er elles eit typisk trekk med tekstane i opplysningstida. Folk skulle jo opplysast.

Elles veit vi at JHW var skeptisk til visse drag ved opplysningsprosjektet, slik som kravet til form i diktverk, systematisering i samfunnet og også til ein viss grad til overdriven tiltru til fornuftsomgrepet. I denne teksten problematiserer han det sistnemnde: Viss vi berre tenkjer fornuftig, ja, det er jo fornuftig at ein lar den einsaste smeden i byen få leve, og lar ein gammal bakar få unngjelde, men ein slik tankegang slår her over i det ein kan kalle kynisk fornuft, som kan vere reint destruktiv.

Teksten er framleis aktuell. Den tyske filosofen Peter Stolterdijk problematiserer det same i bestseljaren «Kritik der zynischen Vernunft» (Kritikk av den kyniske fornufta)