Realisme og naturalisme
ALEXANDER LANGE KIELLAND: KAREN
To parallelle historier
Novella fortel historia om Karen og postføraren, og om reven og haren.
Postføraren har eit forhold til Karen som arbeider som servitør i Krarup kro. Krarup ligg i Danmark. Karen er forelska i han: «Alt det tarvelige lys fra de to parafinlamper, syntes å kaste seg forelsket over den røde farve,….til et vidunder av skjønnhet og prakt.». Besjelinga viser til Karens forhold til postføraren. Då ho oppdagar at postføraren er gift (Så – er han gift?» «Javist! -…), mistar ho fatninga, og fordi ho er gravid med han (Hennes blå hvergarnskjole var blitt litt trang for henne,…), vel ho å ta sitt eige liv i staden for å føde ein lausunge (Haren skvatt, den hadde hørt et plask).
Historia om reven og haren er ei jakthistorie: «Men i gresstripen lå reven ganske flat og lurte, og haren hoppet på letten fot over lyngen». Reven mislykkast. Haren vert redd då han høyrer plasket idet Karen hoppar i torvgrava. Reven står slukkøyra tilbake (..og den begynte å tenke over om det er harene som blir klokere, eller revene som blir dummere).
Vinden
Vinden akkompagnerer på ein måte dei to historiene. I tur og orden besøker den kroa der Karen jobbar, vogna til postføraren og lyngheia der reven og haren er. Den kjem vestanfrå, er sterk og «sukker så langt og besynderlig i de tørre lyngbusker». Denne besjelinga vert gjenteke fleire gongar og understrekar nok den triste lagnaden til Karen. Den er rett og slett til å sukke over. På slutten tar vinden ein tur innom alle himmelretningar, mest som om AK vil poengtere at det samfunnsproblemet han tar opp til debatt, eksisterer alle stader i verda, og det gjer det nok.
Eit sosialt eventyr
Novella begynner med «Det var engang..», og sluttar på same måte. Som dei fleste eventyr har også dette ein moral: Å behandle Karen som postføraren gjer, er forkasteleg.
Som realist ville AK i bøkene sine «setje problem under debatt». Og det gjer han her. At menn frå «overklassa» utnytta arbeiderjenter seksuelt, var vel kjent. Elles framstår teksten som objektiv, og den talar saka til dei som ikkje hadde ei stemme i samfunnsdebatten.
AMALIE SKRAM: KARENS JUL
Ein trist kvinnelagnad
Som i Kiellands novelle møter vi også hos AS ein tragisk kvinnelagnad. Karen har mista jobben som tenestejente fordi ho vert med barn. Ho er stolt og nektar å ta imot hjelp (Du må gå og melde deg til fattigvesenet. «Nei, det gjør jæ inte»). Barnefaren veit ho ikkje kven er :«..Kjenner du inte navnet på ditt eget barns far.» «N-e-i..», og ho freistar greie seg som best ho kan. Ho frys i hel i eit pakkhus på kaia i Christiania. På sjølvaste julaftan.
Karen og konstabelen
Kontabelen si oppgåve er jo å halde orden i byen og aksjonere mot såkalla «løse eksistenser» «Egentlig så sku`du på stassjonen,…», seier han, men viser forståing for Karen sin situasjon (Du kan være her til julen, men ikkje en dag lenger). Likevel endar det gale.
Ein naturalistisk tekst
Emnet er typisk for naturalistane. I følgje Emile Zola, som av mange er rekna som naturalismen sin far, skulle diktarane finne emna sine «i kloakken», altså mellom dei elendigaste av dei elendige. Ein slik lagnad finn ein hos Karen: oppsagd i jobben, muleg prostituert («Eg traff ham på gata om kveldene, når det var mørkt»), eit barn utanom ekteskap, fattig, ingen stad å bu.
Miljøet reflekterer det same. Hamneområdet i Christiania i Karen si samtid var prega av dårlege arbeidarbustader, skjenkestader, prostitusjon og «løse eksistenser».
Dei naturalistiske tekstane burde ha eit vitskapleg preg. Det ser vi i dei objektive detaljskildringane, t.d. i skildringa av pakkhuset: «..et gråmalt trehus med flatt tak, uten skorsten, omtrent 4 alen langt…».
Dialogane skulle vere autentiske. Konstabelen snakkar litt meir «danna» enn Karen. Konstabelen: «Lukk opp. Det er politiet!». Karen: «Jøsses, det det polletie!»
Mennesket er forma av to vestentlege faktorar: arv og miljø. Her er det miljøet som i hovudsak skaper Karen sin lagnad: At ho får ein unge utanfor ekteskap, gjer at ho mister jobben. Stemora vil ikkje vite av henne. Konstabelen greier ikkje å overtale henne til å få hjelp av fattigvesenet.
Samfunnskritikken er beisk og grip rett i samfunnsdebatten på 1880-talet: Tenestejenter som vert «tvinga» ut i prostitusjon grunna dårlege lønsvilkår, at ingen vil ta ansvar når dei kjem i ulykka. Karen er brukt til å illustrere dette.