Romantikk
HENRIK WERGELAND: TIL FORAARET (VÅREN)
Her legg eg ved ein tekst ein andreklassing har skrive på tentamen. Teksten skulle handle om romantikken, Henrik Wergeland og diktet Til Foraaret (Til våren), samt peike på romantiske trekk i diktet. Teksten er skriven utan hjelpemiddel.
MAURITS HANSEN: LUREN
Ei reise i norsk natur
Forteljinga "Luren" reknar vi som den fyrste bondeforteljinga i Noreg. I forteljinga treffer vi Carl Møllmann som er på ei rundreise i Noreg, og som skriv brev heim til ein ven. Handlinga går føre seg i Bråte i Gudbrandsdalen. Hovudpersonane er forteljaren Carl Møllmann, bonden Thord, dottera hans, Ragnhild, og kjærasten hennar, Guttorm. Det er mykje som tyder på at MH byggjer på ei vandresegn om forboden kjærleik.
Guttorm og Ragnhild er kjærastar, men held det hemmeleg. Faren til Ragnhild vil ikkje akseptere guten som svigerson grunna soisial status. Om kvelden då Carl Møllmann skal gå til sengs, høyrer han lyden av ein lur, og når han lyttar betre etter, forstår han at det er to menneske som talar med einannan. Dagen etter, då Møllmann er på veg vidare, høyrer han luren på nytt, og han følgjer lyden til han kjem til ei lita barhytte. Der finn han Ragnhild saman med eit lite barn, resultatet av den forbodne kjærleiken mellom Guttorm og Ragnhild. Han blir fortald historia om korleis dei har halde barnet skjult, og han drar tilbake til Thord. Han fortel Thord om situasjonen, og viser til både Bibelen og Snorre. Det endar med at Thord godtek Guttorm som sin svigerson.
Ein romantisk tekst
Teksten har eg-synsvinkel. I den romantiske perioden vart individualitet for første gong definert som avgjerande for menneskeleg utvikling i det dansk-norske samfunnet. Det er derfor naturleg at det er ein eg-person som opplever og fortel.
På denne tida framstår naturen som det typiske norske mem. Ordet mem er skapt av den engelske evolusjonsbiologen Richard Dawkins. Eit mem er ein kulturell analogi til det biologiske genet, der berarane kan spreie det frå ein generasjon til den neste, slik som religion, musikk osv. Vi ser det tydeleg i forteljaren sin ekstatiske beskrivelse av den norske naturen: «..det egentlige Norge, den blomstrende dal, Bekkenes rislen, fuglenes sang… lød harmonisk i mitt opplatte øre». Dette kallar ein gjerne også nasjonalromantikk.
Bonden som det ekte og opprinnelege menneske finn ein i storbonden Tord i nasjonaldrakt: «..en middelaldrende døl i sin nasjonaldrakt…». Han er etterkomaren etter vikingane: «..og det gledet meg mellom dem å finne vår Snorre / at han nedstammet fra den hårfagre Harald..». Romantikarane leitte etter norsk historie av betydning og måtte tilbake til norrøn tid for å finne den.
Karakteristikken av Ragnhild fell saman med det romantiske kvinneidealet: «..betydningsfullt ansikt, svømmende, blå øyne og et gult, fritt bølgende hår…». Og ho talar eit ekte og ukunstig språk, upåverka av det danske: «..den klare bløte aksent, hvormed hun talte sitt dølespråk..». For romantikarane framstår kvinnene som meir ekte naturmenneske enn mennene, fordi dei er mindre påverka av den destruktive sivilisasjonen.
Den edle ville vert representert ved Guttorm. Guttorm er « en ung mann av et usedvanlig dannet vesen», men han og Ragnhild lever eit dobbeltliv, dei bur jo med barnet sitt i ei lita hytte i bergkløfta.
Den gotiske stemninga som skapar ein skrekkblanda fryd, pregar mange romantiske tekstar. Her er vi i nærleiken av denne stemninga i dette avsnittet: «Temmelig sent forlot han meg… «.
Intuisjonen er viktig for det romantiske menneske. Slik også her: «Jeg hadde jo ventet det, jeg vidste jo i min anelse den hele samanheng!» Slik karakteriserer forteljaren møtet med Guttorm, Ragnhild og barnet.
Kjensler er viktigare enn resonnement. For at Tord skal akseptere Guttorm, spelar forteljaren på kjenslene: « Der, Thord, er boken som lærer om din kongeslekt….» Da brast han i gråt og sa: «Gud forlate meg….».
Teksten er rekna som ein av dei mest tidstypiske nasjoinalromantiske tekstane i norsk litteratur.