Romantikk og realisme
IVAR AASEN: NORDMANNEN
Eit tradisjonelt dikt
Diktet har fem strofer. Kvar strofe har fire verselinjer, der enderimsmønsteret er ABAB. Diktet har ein fast rytme og er ein tradisjonssong i den norske songkanon. Bokstavrim som Bakkar og Berg gir teksten ein viss rytmisk flyt.
Ivar Aasen er rekna til dei diktarane som voks opp med den nasjonalromantiske livsforståinga. Det kan vi sjå i diktet. Noreg er det ultimate for nordmenn, der den vakre naturen er bakteppe for livet: «Og naar Liderna…» (strofe 5). Og som sann romantikar lengtar ein mot det eksotiske: «Giv eg var i eit varmare Land!»
Men samstundes opplever IA at opplysningsprosjektet frå 1700-talet på ingen måte er dødt. Det kjem i tida etter midten av 1800-talet tilbake med stor tyngde. Ein kallar det ikkje lenger opplysning, men realisme, altså: ein må forstå verda slik ho i realiteten er. Dette finn vi spor av i diktet: Nordmannen ryddar og byggjer på dei «steinutte Strender», han fiskar på «det baarutte Havet». Slik får menneska røyne det harde livet på norskekysten. Det å vere norsk er ikkje berre rosenraudt.
Å vere norsk
Diktet til IA er ein av mange tekstar frå handa hans som skriv seg inn i ideen om å byggje ein norsk nasjon. Slik sett kan ein truleg seie at diktet handlar om det «å vere norsk».
BJØRNSTJERNE BJØRNSON: FADEREN
Handling: Hovmot står for fall
Dette ordtaket kan illustrere det som hender i novella. Storbonden Thord vil ha sonen Finn fram i verda. Han skal ha alt det beste: døypast på ein eigen dag, stå fremst på kyrkjegovet under konfirmasjonen og gifte seg med den rikaste jenta i bygda. Ved desse tre møta uttrykkjer presten at han ønsker at guten må bli Thord til velsignelse. Men før vigselen druknar Finn, og Thord innser at han har hatt feil fokus i livet. Han gir halvparten av garden sin til dei fattige, og konkluderer med at først no har sonen vorte til velsigning for han.
Eit moderne eventyr
Novella liknar på folkeeventyra: Synsvinkelen er objektiv. Forteljaren fortel det som skjer, ser hendingane utanfrå. Det er tre avgjerande møte mellom Thord og presten før det konkluderande siste møtet (tretalslova). Berre to personar er aktivt til stades samstundes. Elles er teksten ribba for miljøskildring, og personane lærer vi å kjenne gjennom det dei gjer og seier.
Personane
Det dreiar seg om storbonden Thord og presten i bygda. Thord framstår som hovmotig, og han utnyttar rikdomen sin: «Jeg ville ikke betale presten før jeg hørte hva nummer han fikk på kirkegulvet.», seier han i samband med konfirmasjon til Finn. Dette nærmar seg det vi i dag reknar for korrupsjon. Men Thord går gjennom ei forandring. Det kristne sinnelaget sigrar hos han, at ein skal gjere godt mot andre, han vender om i livet sitt og gir halvparten av eigedomen sin til dei fattige. Slik blir Thord eit døme på at det aldri er for seint å velje ein ny veg i livet.
Presten framstår som ein velmeinande kristen. Han ønsker at sonen skal bli Thord til velsigning. Men vi får aldri vite om pengegåvene frå Thord går i kollektbøssa eller i eiga lomme. Vi får velje å tru at han er ærleg.
Ulykke eller sjølvmord
Finn fell over bord etter å ha sklidd på tilja i robåten. Det er fullt mogeleg, men det som skjer under og etter fallet i vatnet, kan vitne om at sonen fell over bord og druknar med vilje. Finn tar ikkje imot åra frå faren. Er det ein protest mot ein autoritær far som openbert styrer alt i livet hans? Er blikket han sender faren, hans måte å opponere på: «Da velter sønnen bakover, ser langt på faren – og synker.»?
Romantisk og realistisk
Dei romantiske draga er klare: Handlinga utspelar seg på landsbygda i Noreg. Det er livet hos storbøndene vi får ta del i. Problema som blir tekne opp, krinsar kring det folk flest på denne tida nok opplevde som luksusproblem sjølv om alle nok kan forstå det eksistensielle valet teksten handlar om.
Realisme: Det romantiske prosjektet Bjørnson legg opp til, vert forstyrra av ulykka/sjølvmordet. Slik blir den romantiske idyllen broten. Det same gjeld pengetransaksjonane under møta mellom Thord og presten.
Livssynet
At hovmot står for fall, er parallelt til det greske hybris, dvs at menneske som trur for godt om seg sjølve, til sist blir råka av ei «ulykke» som forandrar livet deira. Det er jo det vi opplever i denne novella.