Samtid


TOR ULVEN: OBLIGATORISK UNDERVISNING

Eit prosadikt

Eit prosadikt er eit dikt som fortel ei historie. Her er det snakk om ein du-person som snur ein stein. Ved sida av småkryp ser du-personen eit ansikt som snakkar. Ansiktet fortel at no er det «..din tur til å ligge med ansiktet ned mot jorden..».

Tittelen

Overskrifta på diktet er «OBLIGATORISK UNDERVISNING». Altså: Det vi får i diktet er undervisning, og den er obligatorisk. Det vil vel seie at det det vert undervist i, er noko alle skal ha, noko alle skal igjennom.

Kva er lærdomen?

Diktet fortel oss truleg at ein gong er det vår tur til å liggje under steinen. Der skal vi liggje til vi blir avløyst. Kvifor vi ligg der, og kva føremålet er, fortel ikkje teksten noko om, men det å liggje i jorda, under ein stein, gir assosiasjonar til døden. I alle fall seier teksten at ein gong er det vår tur. Diktet minner oss om at vi er forgjengelege, at vi skal døy. Dette minner oss om barokken (1600-talet), men skrivemåten er modernistisk.


NILS-ASALK VALKEPÄÄ: VISS VI MÅ, NÅR VI MÅ

Figurdikt

Diktet er eit såkalla figurdikt. Oppsettet dannar eit grafisk bilete som består av åtte strofer. Det er vanskeleg å seie kva biletet framstiller. Ut frå tematikken har nokre foreslått geviret til eit reinsdyr, eller innvollane til reinen. Forfattaren repeterer bror og søster. Dette blir signalord i diktet.

Temaet

Diktaren skriv om slektskapet mellom dyr og menneske. Dyra stiller opp for oss, vi lever av dei, men er vi villige til å stille opp for dei?

Språket

Språket er nøkternt. Det er brukt ord som konkret karakteriserer dyret si rolle som menneskeføde. Metaforane «vår bror, vår søster» viser til det nære slektskapet mellom menneske og dyr. Men dei to siste strofene røper at forfattaren er tvilande til om vi «hadde dugd for våre brødre og søstre».


KJELL ASKILDSEN: CARL

Konflikt mellom far og son

Novella byggjer på ein konflikt mellom far og son. Sonen besøker faren for å få eit arvestykke etter den avdøde mora, eit sjal, men det viser seg at faren har kvitta seg med det, som alt anna som kunne minne han om kona. Dei skiljest som uvener.

Kommunikasjonen mellom faren og sonen

Det er mykje som tyder på at faren hadde eit anstrengt forhold til kona si (..hun var et krevende menneske..). Overfor sonen, Carl, er han heller uforsonleg (..jeg begynte å miste tålmodigheten med ham..). På ein måte verkar det som om far og son er i kvar si verd. Sonen leiter etter minna frå mora, faren har forsøkt å kvitte seg med dei. Når dei forsøker å kommunisere dette, når dei ikkje fram til kvarandre. Faren er elles opptatt av at han har vore og framleis er ein tålmodig person, og gjentar dette fleire gonger. Vi veit vel ikkje heilt om vi skal tru på han.

Ei novelle

Teksten startar in medias res (..Da min kone levde,…). Dei to personane vi møter, oppheld seg i eitt og same miljø. Møtet mellom dei er kortfatta og poengtert. Spenninga er stigande heilt fram til slutten, og utfallet av samtalen er heller som forventa. Forfattaren har valt eg-synsvinkel (…ellers hadde jeg kanskje mistet tålmodigheten…)

Minimalisme

Kjell Askildsen blir sett på som ein minimalistisk forfattar. Det stemmer også for denne teksten. Minimalistane skriv korte tekstar, brukar eit enkelt og lite biletrikt språk, brukar mykje dialog og skriv poengtert. Vi ser at dette stemmer for novella Carl.


RAGNAR HOVLAND: 1964

Romanutdrag

Dette er eit utdrag frå ein roman. Det fører oss inn i ein dag hos nokre gutar i Sunnhordland i 1964. Derfor tittelen 1964. Bygda er i ferd med å gå inn i det moderne Noreg, med oljegrus på vegane og håp om at fjernsynet skal kome snart.

Gutane

Vi møter eg-forteljaren og Erling. Det er Erling som er sjefen mens eg-personen let seg styre ( -Då syklar vi, sa Erling, - og eg syklar føre…./ ..men no som Erling hadde sagt det, ville eg vel kanskje begynne å sjå det litt på same måten..). Dette er gutar i puberteten, og dei er opptekne av jenter (..og eg syntest at Grete såg på meg…). Forteljinga utspeler seg idet dei syklar til butikken for å kjøpe seg frosen leskedrikk.

Eit samfunn i forandring

1960-talet er ei tid då mykje blir endra i Noreg. Det ser vi i romanutdraget: nylonskjorta var på moten (..bretta opp ermene på nylonskjortene..), leskedrikk i plastposer var in (..i dei avlange små plastposene…), åndeutdriving i bedehusmiljø vart diskutert (..ein flokk med vonde ånder og berre for inn i oss..), skepsisen mot det nye (..dei mest kristelege, som meinte at alt nytt var djevelens verk..), seksualopplysning fekk eigne spalter i avisene og kom ut i bokform (..Vi berre tar og puggar dei seksualopplysningsbøkene til foreldra mine..), fjernsynet kjem (..Oljegrus dette året, kanskje fjernsyn neste år..).

Munter-melankolsk kvardagsrealime

Romanen 1964 skriv seg inn i sjangeren munter-melankolsk kvardagsrealisme. Den er mellom anna karakterisert av kvardagslege hendingar. Her opplever vi ein dag i livet til eg-personen og Erling. Sjangeren er humoristisk. Slik også her, m.a. i omtalen av dei gutegalne jentene. Dessutan har sjangeren fokus på anti-heltar. Det er mykje som tyder på at dei to gutane representerer nettopp anti-heltar.