Middagen

Laurdag 16. desember klokka 16:00 har vi den glede å invitere dykk til dåpsmiddag på N 33 Restaurant & Bar. Restauranten ligg i første etasje inne på Radisson Blu Hotel her oppe i Nydalen.

Etter middagen vil det vere mogleg å flytte seg over i baren for å halde fram den gode samtalen utover kvelden for dei av dykk som ynskjer dette.


Menyen

I høve dåpsmiddagen byd restauranten på eit utval av sine beste middagsrettar som elles ikkje finnast på menyen.

Restauranten ynskjer difor at vi reserverer mat på førehand slik at vi kan kome til dekka bord. Beskjed om matynskje sendast til middag@alexander-arian.com seinast sundag 10. desember. Til dei av dykk som ikkje har klart å bestemme seg til denne tid vert det servert bakt norsk laks og riskrem som vist i menyen for øvrig.

Menyen finn de ved å klikke HER.