Tusen Takk
Köszönjük

Vi ynskjer, med dette, å takke dykk alle for dykkar omtanke, gratulasjonar og gåver vi har motteke i høve bryllaupet.

Vi takkar i sær alle de som tok seg tid til å besøkje oss i Ungarn og feire 8. juni saman med oss. Dykkar humør, livsgnist og entusiasme lyste opp festlokalet på ein måte vi ikkje hadde forutsett og gav oss ei eineståande oppleving vi seint kjem til å gløyme.

De har også gjort eit varig utelukkande positivt inntrykk på samtlige av ungararane som deltok på festen, og dei ynskjer dykk hjarteleg velkomne tilbake til Ungarn og til Pécs når de enn måtte ynskje det.

Vi ser, med glede, fram til å møte dykk att ved neste korsveg.


Venleg helsing,
Katalin og Brynjar