Staden

Ungarn ligg midt i hjartet av Europa og er eit land av både natur, kultur og historie. Det grensar mot Austerrike med sine høge fjell og vinterlandskap i vest, og Kroatia ved Middelhavet med sine talrike strender i sør. Ungarn sjølv er kanskje mest kjend for sine vidåpne sletter, og jordbruk og vinproduksjon står framleis sentralt i den ungarske kulturen. Ungarn er også det landet i Europa med mest solskin, med varme sumardagar og milde tropenetter.


Pécs

Byen Pecs ligg sør i landet på grensa til Kroatia, og er ein av Ungarns større byar. Det er i denne byen Brynjar har utdanna seg til lege, og det er også frå denne byen Katalin kjem.

Pecs er ein fleirkulturell universitetsby, og ein vil kunne høyre samtalar på norsk frå nesten kvart eit kafehjørne i skulesemesteret frå dei nesten tusen norske studentane som bur her. Pécs er kjend for sine kulturtilbod, og var sågar kultursenter i EU i 2010. Den årlege nasjonale Teaterfestival blir også arrangert i Pecs i år, og vil finne stad på same tid som bryllaupet. Byen vil då vere full av både nasjonalt og internasjonalt kjende skodespelarar.


Bykart over Pécs. (last ned pdf).