Utfluktene

Pécs by og omegn har mykje å by på for dei som har nokre dagar til overs i området.


Byvandring

Ungarn er eit land som har vore del av fleire storimperie, og dette er noko som i sær har sett sitt preg på Pécs by. På vandring gjennom byen vil de kunne finne minne fra både romeriket, det ottomanske imperiet, det austerisk-ungarske storkeisardømet og sovietunionen. Det er dette mangfaldet i historie og arkitektur som gjorde at EU valgte Pécs som sin kulturhovudstad i 2010.

Ein av våre bekjente arbeider som turguide i Pécs by, og har sagt seg villig til å ta dei som ynskjer dette med på ein eigen guida fottur gjennom bysenteret. I løpet av eit par timar vil de blandt anna bli teke med på ein spassertur i hovudgata, få eit overblikk over Széchenyi plass og den sentrale moskeen, bli teke med til katedralen og ned i dei kristne katakombene, og til slutt stå på restane av den gamle bymuren og Barbakán fort. Turguiden snakkar engelsk.

Sjølve byvandringa er planlagd som ein del av bryllaupet, og er gratis for alle gjestar. Imidlertid må de sjølve betale inngangspengar til moskeen og katakombene på henhaldsvis 400 Ungarske Forint (10 Kroner) og 1700 HUF (45 Kroner). For pensjonistar og studentar er inngangspengane omlag det halve.

Byvandringa går av stabelen fredag 7. juni klokka 15:00, og dei av dykk som ynskjer å ta del i henne møter ved inngangspartiet av Hotel Palatinus då.

Både Bodil og Dagfinn er med på denne fotturen, så dersom de ikkje klarer å møte opp i tide kan de ta kontakt med ein av dei og få klarheit i kvar resten av gruppa befinn seg. Dersom de vil vere sikre på at vandringa ikkje byrjar utan dykk, kan de også melde dykk på ved å sende ein e-mail til mail@katalin-brynjar.com. Påmeldinga er bindande, men ikkje obligatorisk.


Vinsmaking

Baranya, landsdelen Pécs ligg i, er kjend for vinproduksjon av ypperste kvalitet. Villány er den største av vinlandsbyane i Baranya og ligg like i overkant av ein halv time utanfor Pécs. Her har de moglegheita til å spassere frå vingard til vingard, slå av ein prat med vinbøndene og smake på både årets og årgangsvin. Nærare ein smak av Ungarn enn dette er det vanskelig å kome.

For å kome dykk dit på eiga hand er tog det beste alternativet, men det vert også regelmessig arrangert gruppeturar av lokale reisebyrå som tek dykk dit i buss saman med ein guide.


Termalbad

Baranyas mange termalbad er ein annan grunn til at mange besøkjer området. Harkány termalbad er det største og mest kjende av termalbada rundt Pécs, og ligg i underkant av ein halv time sør for byen. Harkány har fleire bassenganlegg både utandørs og innandørs. Dei kaldare bassenga er reint solvarma og dei varmare bassenga er fylte av termalvarma grunnvatn. Temperaturen i dei varmaste bassenga kjem opp mot 38 grader, og desse har eit mineralinnhald som har vist seg kurativ på ein rekke sjukdomstilstandar.

Den greiaste måten å kome seg til Harkány på er med buss. Desse går omlag ein gong i timen både til og frå spalandsbyen.