Reisa

Det finst fleire måtar å reise innanfor Ungarn på.


Maxitaxi

Maxitaxi er ein enkel og rimelig måte å kome seg frå flyplassen eller hotell i Budapest til Pécs. Faktisk kan maxitaxi vere vel så billig som tog dersom ein er to eller fleire i same bil, og prisen då vert 8.500 Ungarske Forint per person (i overkant av 200 Kroner). Reisa tek omlag tre timar.

Der finst fleire firma som tek seg av dette, men vi har valt Travel4You som vår samarbeidspartnar i høve bryllaupet. Eit anna firma de eventuelt kan bruke, er Mistral, men vi har ikkje inngått spesiell avtale med sistnemnde.

Dersom de ynskjer maxitaxi til Pécs evt. tilbake til flyplassen etter bryllaupet, må de bestille dette sjølve. De kan gjere dette på tre måtar. Anten kan de ringje Travel4You direkte på telefonnummer +36 72 215 694 (evt. mobiltelefon +36 30 655 9200) og bestille der. Travel4You snakkar engelsk. De kan også leggje inn bestillling på e-post info@travel4you.hu. Elles kan de også bestille ved å gå inn på http://www.travel4you.hu/on-line_reservation.

Om de gjev opp merknad "Katalin-Brynjar Wedding", vil de få rabatt på reisa.

Travel4You ynskjer at de bestiller så snart som mogleg, då bilane ofte fyllast opp når tida byrjar å nærme seg.


Tog

Tog er ein annan måte å kome seg frå Budapest til Pécs på. Dette er den anbefala reisemåten for dei av dykk som ynskjer å sjå litt meir av det Ungarske landskapet og kome litt tettare innpå det Ungarske folket på dykkar veg til Pécs. Toga blir drivne av Ungarske Statsbaner (MAV), og toga til Pécs går frå Budapest Keleti togstasjon. Reise med Inter City-tog tek omlag tre timar.

For å bestille togbillett kan de gå inn på http://elvira.mav-start.hu/elvira.dll og bestille derifrå. Det anbefalest å bestille tog som har merknad "IC" (Inter CIty) då desse toga er raskare framme.


Leigebil

For de av dykk som ynskjer dette, er det også mogleg å leige bil for opphaldet. Det er dei same leigebilselskapa som opererer i Ungarn som elles i Europa.

Grunna begrensa parkeringsplassar på hotella i Pécs blir de oppfordra til å reservere parkeringsplass mot avgift god tid i førevegen. Ta i så tilfelle direkte kontakt med hotellet. Ver også klar over at store delar av Pécs sentrum no er omgjort til gågate og at dette vanskeliggjer biferdsel.