Hotella

Vi har førehandsbestilt hotellrom på to hotell under bryllaupet i Pécs. Desse hotella er Hotel Palatinus og Hotel Patria, som begge er del av hotellkjeda Danubius.


Hotel Palatinus

Hotel Palatinus er eit av dei eldste og mest erverdige hotella i Pécs. Det er også her bryllaupsfesten skal haldast. Hotellet ligg i byrjinga av hovudgata i byen, Kirali Utca. Dei fleste av hotellromma vi har reservert er nyrenoverte, og alle roma har aircondition.

For de av dykk som har reservert hotellrom gjennom oss, kostar det 16.600 Ungarske Forint per dobbeltrom per natt (i overkant av 400 Kroner) og 14.200 Ungarske Forint per enkeltrom (i overkant av 350 Kroner). Dei som framleis ikkje har reservert hotellrom, kan gjere dette sjølve på http://www.danubiushotels.com/our_hotels/hungary/pecs/hotel_palatinus.


Hotel Patria

Hotel Patria ligg fem minutts gangavstand frå Hotel Palatinus og sentrum av Pécs. Det er gågate heile vegen mellom hotella. Om de får hotellrom med vindauge mot sentrum, vil de sågar sjå rett inn i leiligheita Brynjar budde i mesteparten av studietida si. Alle roma har aircondition.

Prisane er dei same som på Hotel Palatinus. Dei som framleis ikkje har reservert hotellrom, kan gjere dette sjølve på http://www.danubiushotels.com/our_hotels/hungary/pecs/hotel_patria.


Hotellreservasjonar

Dei av dykk som har reservert hotellrom gjennom oss, kan kikke HER for å sjå kva hotell de er blitt booka inn på.